Filtrar por gênero

Ein Podcast - med Malin og Alex

Ein Podcast - med Malin og Alex

Malin og Alex

To bestevenner med mykje på hjarta, som kan prata ukontrollert om det meste.

44 - #42 Ein martini til, takk
0:00 / 0:00
1x
  • 44 - #42 Ein martini til, takk

    Bli med oss på Alexs fast food and restraining order service AS! Me tek oss eit glass Pornstar Martini og grev oss lengre inn i alkoholens verden. Nokon har gode erfaringar med alkohol, nokon har verre erfaringar. Saman med alkohol er det og tid for å sjå om Alex har blitt betre på dikt, og skal måle han opp mot den o store Trygve Skau. 

    Me snakka om å legge til åpent spørsmål der me stiller spørsmål om forslag til nytt namn på podden, eventuelt eit tema me skal snakke om. Dette gjekk ikkje, så send oss ei dm på instagram @einpodcast ! 

    Wed, 15 Feb 2023 - 1h 06min
  • 43 - #41 Ja, me ser lyst på det

    ''Ein liten episode for ein person, men ein viktig episode for nasjonen'' - said no one ever.
    Me i redaksjonen fann tebars til mikrofonane, og snakker om viktige ting, så smått som følelsar og høst vs. vårdepresjon. Det kan og vær at me tok oss ein sving innom Alexs sexhjørna i mens me var i gong. Kven veit? 

    Wed, 08 Feb 2023 - 54min
  • 42 - #40 Singel i parterapi (nei)

    I denne ekstravagante, ekstralange, episoden går me innom ein del tema. Som tittelen seier skal me innom både Alex sitt singelliv, og Malin sin parterapi.

    Me introduserer og eit nytt segment som er Suppegjøkenes Supperåd, der me svarer på Alex sitt problem med eksamen, samstundes som me spis suppe laga av Malin. Kva syntes me om denne eplesuppa Malin har snekra saman?

    Thu, 17 Nov 2022 - 1h 48min
  • 41 - #39 Skum, skumlare, skumlast

    Det har nylig vært Halloween og det går sjølvsagt ikkje ubemerka forbi utan at me tar oss av det. I denne utgåva har Malin vært gjennom ein skummel operasjon for å sjekke om ho har endometriose. Redaksjonen har fullført den skumle krim boka dei les, og me får høyre kva dei syns. Alexander diska opp med ein rå adjektivforteljing, for det er ikkje Halloween utan. 

    Wed, 02 Nov 2022 - 1h 36min
  • 40 - #38 Kvinnehelse-klinikken

    Tut tut, me står utanfor sjukehuset der me skal inn på gynekologisk avdeling. Malin skal under operasjonskniven, i full narkose, og før den tid tar me ein breakdown av kva endometriose er og korleis ein finn ut at ein har det. Malin vil og vise Alex korleis ein skal lage dikt i denne episoden.

    Wed, 26 Oct 2022 - 58min
Mostrar mais episódios